Opplevingar

 

Kongevegen over Filefjell

På strekninga mellom hotellet og Borgund stavkyrkje finn me Kongevegen over Filefjell, ei unik samling av godt bevarte vegtraséar frå ulike tidsperiodar. Heilt tilbake frå Kong Sverre si tid på 1100-talet har samferdsla mellom aust og vest gått gjennom tunet på Husum. Her er det med andre ord mange hundre års tradisjon for reiseliv. Frå hotellet kan ein følgja Sverrestigen til fots og oppleva korleis hovudferdselsåra gjekk gjennom dette dramatiske landskapet fram til slutten av 1700-talet. Vindhellavegen, som framleis ligg på høge og imponerande murar i det ulendte terrenget, vart bygt omlag hundre år seinare. Kongevegen over Filefjell vart tildelt Vakre Vegars pris i 2014, og den gjeve kulturminneprisen Europa Nostra i 2017.

 

Borgund stavkyrkje

Husum Hotel ligg i kort avstand frå Borgund stavkyrkje, som er eit reisemål av internasjonalt format. Kyrkja er bygd omkring 1180, og er Noregs best bevarte stavkyrkje. Ho er treskipa med einspira kor og pryda med dyreornamentikk som vitnar om frodig fantasi og dyktig handverk.