Rom og prisar
Hotellet har åtte doble soverom og eit anneks, som tidligare var kårboligen. Eit avgrensa tal overnattande gjev intimitet mellom gjest og vertskap, og personleg service. Me ynskjer å gje gjestene våre ei hotelloppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden. Romma har difor historisk preg, men moderne bad med toalett og dusj. Frukost er inkludert i alle romprisane. Alle soveromma på hotellet har tregolv og er difor allergivenlege. Dyr er ikkje tillatt, med unntak for servicehundar. Romma ligg i andre etasje, og hotellet har diverre ikkje heis.
Insjekk er mulig frå kl. 15:00.
Standard Dobbeltrom
3 990 NOK/natt
Kapasitet: 2 vaksne
Dobbeltseng (160 cm)
Komfortable rom for to personar med lun atmosfære og moderne bad. Alle romma er ulike med forskjellig innreiing.
Deluxe Dobbeltrom
4 290 NOK/natt
Kapasitet: 2 vaksne
Dobbeltseng (180 cm)
Oppgrader til eit større rom med ekstra stor seng. Her er det i tillegg moglegheit for babyseng.
Twin Rom
2 490 NOK/natt
Kapasitet: 2 vaksne
To separate enkeltsenger (80 cm og 90 cm)
Dette rommet har sjarm og særpreg, med heile to bad! På rommet er det tilhøyrande WC. I tillegg disponerar du eit privat bad med dusj, utanfor rommet.
Junior Suite
4 590 NOK/natt
Kapasitet: 3 vaksne
Dobbeltseng (160 cm)
Sovesofa (140 cm)
Frå gamalt vart dette rommet kalla Brudesuiten. Dette er difor vårt mest staselege og største rom, med moglegheit for sovesofa og barneseng.
Bestillingsvilkår
Bestilling og betaling
Ei bestilling er bindande når gjesten har motteke ei skriftleg bestillingsstadfesting frå Husum Hotel. Prisane er oppgjevne i norske kroner (NOK) og inkluderer meirverdiavgift. Betaling skjer ved utsjekk, med mindre anna er avtalt på førehand.
Avbestilling 1-3 rom
Bestillinga kan avbestillast kostnadsfritt fram til 7 dagar før ankomst.
Ved avbestilling mindre enn 7 dagar før ankomst blir heile beløpet belasta.
Avbestilling 4-6 rom
Bestillinga kan avbestillast kostnadsfritt fram til 30 dagar før ankomst.
Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før ankomst blir heile beløpet belasta.
Avbestilling 7–8 rom / Leige av heile hotellet
Bestillinga kan avbestillast kostnadsfritt fram til 90 dagar før ankomst.
Ved avbestilling mindre enn 90 dagar før ankomst blir heile beløpet belasta.
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk er mogleg fram til kl. 23.00. Ved sein ankomst må dette avtalast med hotellet på førehand.
Tidspunkt for utsjekk er innan kl. 11:00.
Mat og allergiar
Middag må reserverast på førehand. Eventuelle allergiar, behov for spesialkost eller andre særskilde ønskje må opplysast om ved bestilling. Hotellet vil så langt det er mogleg leggje til rette for individuelle behov, men kan ikkje garantere at alle ønskje kan oppfyllast. For gruppebestillingar skal eventuelle allergiar, behov for spesialkost eller andre særskilde ønskje opplysast om seinast 30 dagar før ankomst.
Romliste
For gruppebestillingar skal endeleg romliste, inkludert namn og kontaktinformasjon til gruppeleiar, sendast skriftleg seinast 30 dagar før ankomst. Eventuelle endringar i etterkant skal meldast skriftleg til Husum Hotel.
Skadar og ansvar
Gjesten pliktar å behandle hotellet sin eigedom og inventar med aktsemd. Gjesten kan bli halden økonomisk ansvarleg for dokumenterte skadar som vedkomande har påført hotellet, i samsvar med gjeldande rett. Hotellet er ikkje ansvarleg for tap av eller skade på personlege eigedelar utover det som følgjer av gjeldande lovgiving.
Force majeure
Ved ekstraordinære hendingar utanfor hotellet sin kontroll, som naturkatastrofar, ekstreme vêrforhold, stengde vegar eller tunnelar, alvorlege driftsforstyrringar eller offentlege pålegg, kan hotellet bli forhindra frå å oppfylle bestillinga. I slike tilfelle tek Husum Hotel atterhald om retten til å endre eller kansellere reservasjonar. Hotellet vil informere gjesten så snart som mogleg og søkje å finne ei tilfredsstillande løysing.
Husum Hotel kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle meirkostnader, økonomiske tap eller andre utgifter som oppstår som følgje av slike hendingar.
Personvern
Husum Hotel behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande personvernlovgiving (GDPR). Opplysningar som namn, kontaktinformasjon og bestillingsdetaljar blir nytta til å administrere reservasjonar, gjennomføre opphald og oppfylle lovpålagde plikter. Personopplysningar blir berre delte med relevante tenesteleverandørar når det er nødvendig, og blir ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig eller lovpålagt.